Grønamyrvegen - Solsio Trinn 2
5353 Straume
INNHALD
Andre byggjetrinn omfattar 20 leilegheitar. Storleiken på leilegheitane går frå 65 kvm til 95 kvm BRA. Solsio sameige vil til slutt bestå av om lag ca 80 nøkkelklare leilegheitar.
Seksjonane vert seld med sportsbod som tilleggsareal og desse vert plassert i 1 og 2 etasje. Parkeringsplass følgjer ikkje med i standard leveranse, men vert seld som parkeringsrett mot pristillegg (sjå vilkår i eigen avtale).
Under bustadbygga vert det eit parkeringsanlegg som er knytt saman med parkeringsanlegget til næringsbygga. Sjå vedlagt "avtale om parkering" i salsoppgåva. Oppå parkeringsanlegget vert det opparbeida felles uteopphaldsareal, med overbygd sykkelparkering, grøntareal, leikeplass og benkar.
Standard
PROSJEKTBESKRIVING
Velkomen til Trinn 2 av Solsio!
I Trinn 2 skal det byggast 20 flotte leilegheitar over 5 plan berre eit steinkast frå Sartor Storsenter. Dette er
leilegheitar med høg standard med mellom anna vannbåren varme i golv, einstavs eikeparkett, god
takhøgde, fleire val på både bad/kjøkken og store terrassar med mykje sol!
Her får du blant anna kino, spisestader og eit av noregs største handlesenter like ved. Her kan du bu i eit
koseleg nabolag ved foten av Straumsfjellet, med parkering i kjellaretasjen rett under leilegheiten. Du får
trappefri tilkomst til leilegheita via heis.
Solsio vert ein stad der du bur svært sentralt samstundes som ein ligg skjerma frå trafikken i
sentrumskjerna. I denne perfekte kombinasjonen vert det no bygd bustadar og næringsareal, knytt saman
med eit sentralt grønområde - Solsioparken.
Det er lagt stor vekt på å skapa eit intimt og tilbaketrekt bumiljø med flotte eigne terrassar og balkongar.
Den grøne parkpromenaden, som skil mellom der folk bur og der det er næringsbygg, skapar eit
innbydande og koseleg område for alle bebuarane. Solsioparken saman med næringsbygga gjer at alle
leilegheitene får lite eller ingen eksponering for trafikk, og det vert skapt ei intim atmosfære med den
mellomliggande parken og gågata. Her kan dagane nytast frå morgon til kveld i lyse og trivelege
omgjevnadar.
Dei vestvende, solrike og romslege balkongane og terrassane inviterer til godt naboskap, med
parkområdet Solsioparken som det perfekte møtepunkt. Dette vert eit lunt og varmt område som inviterer
til aktivitet og bruk - sommar som vinter.
OM PROSJEKTET/ ORGANISASJONSFORM
Solsio sameige vil til slutt bestå av om lag ca 80 nøkkelklare leilegheiter. Desse vert fordelt over tre
bustadbygg med samanhengjande kommunikasjonsveg via utvendig svalgang og to felles heis/
trappehus frå garasjeplan under terreng. Trinn 2 inneheld 20 einingar over 5 plan, 4 i kvar etasje.
Bustadane ligg i rekkje langs Straumsfjellet /Varden som gjer gode lysforhold mot sør til solnedgang i
nordvest.
INNVENDIGE OVERFLATER
Moderne og flott einstavs eikeparkett på alle golv, med unntak av på bad (Fleire val av fliser)
Himling vert levert med gips/ betong, sparkla og malt kvit.
KJØKKEN
Også kjøkken vert levert med høg standard. Her kan ein velga si eigen stil på kjøkken levert i type DEKOR
frå HTH. Ein kan her velga mellom fire ulike skap og skuffefrontar mm. (Glatt Grå, Glatt Hvit, Oslo og
Stocholm) utan priskonsekvens. Omfang som illustrert på planteikninga.
Vidare vert det levert bestikkinnlegg i skuffeseksjon i benkeskap. Led-spottar i botn av overskap. Integrert
kvitevarepakke frå Siemens er standardleveranse, med mogelegheit for oppgradering.
Benkeplate i 30 mm laminat med benkbeslag med 1 ½ kum i rustfri utføring som vert utstyrt med
eitt-greps kjøkkenbatteri.
Kjøkkenventilator levert av Flexit som innbyggingsmodell, Fondue slimline tilpassa
luftbehandlingsaggregat.
BAD
Flotte bad med bra storleik (6.4-7,4kvm) med moglegheit for val av fleire typar flis.
Baderom har ein stk. sluk med lokalt fall, plassert i nedsenka dusjnisje/hjørne. I dusjnisje/hjørne vert det
montert termostatstyrt batteri med temperatursperre, dusjsett og dusjvegger som rett 90x90cm.
Kvit nedfelt servant i underskap 90 cm med eitt-greps batteri utført i krom. Toalett med sete og lokk i
hardplast.
Tilkopling for vatn/avlaup til vaskemaskin. Våtrom i samsvar med teknisk forskrift.
ANNA INNREIING
Det er sett av plass for garderobeskap, men dette samt eventuell skyvedørsløysing vert ikkje levert med i
standardleveranse. Det same gjeld illustrert skyvedørsløysing mot avsett plass for oppbevaring "bod" i
entre/vindfang og soverom.
TERRASSE/BALKONG/SVALGANG
Rekkverksflater på private opphaldsareal av klart glas eller tilsvarande med kantomrømming, stoplar og
handlist i lakkert metall. Utvendig folie på nedre del av glaset.
Rekkverk i fellesareal / svalgangar som spilerekkverk, med stolpar og handlist i aluminium.
Dekke av plasstøypt/ prefabrikkert betong med fall til renne og nedløp. Bæring for balkongar/ svalgangar i
form av synlege betongsøyler. Terrassar på mark får dekke av belegningsstein/ betongheller.
Balkongar/terrassar får ei utforming som sikrar mot vassinntrenging i bygg/leilegheitene.
For ein meir utfyllande skilding av leveranse sjå vedlagt leveranseskilding i salgsoppgåve.
Tomteareal
3517m2
Parkering
Parkering for bil er mogeleg i parkeringsanlegg under bustadbygga. Det gjeld eigne reglar for
parkeringsanlegget. Eigarseksjonane vert seld utan parkeringsplass, men med mogelegheit for å kjøpa
fast parkeringsplass i form av ein evigvarande bruksrett til parkeringsplass i parkeringsanlegget for
270.000 kroner (Sjå eigen avtale for vilkår om kjøp av bruksrett til parkeringsplass). Pris for leige av
parkeringsplass vert kr ca 1300 per mnd, pr 01.12.2021.
Dersom det viser seg at ikkje alle bustadkjøparane ønskjer å kjøpa parkeringsrett vil det vere mogeleg å
kjøpa eit avgrensa tal ekstra parkeringsrettar. Pris for parkeringsrett nummer to vert 350.000 kroner.
Det skal leggjast opp ladeinfrastruktur med lastfordeling tilrettelagt og klargjort for tilknyting av
ladestasjon ved alle parkeringsplassar.
Etablering av sjølve ladestasjonen er ikkje del av standard leveranse, men kan tingast i tilvalsprosessen
eller etter overlevering (føresett at ein kjøper fast parkeringsrett). Sykkelparkering vert anlagt i samsvar
med situasjonsplanen.
Parkering for rullestolbrukarar i samsvar med krav i reguleringsplanen og teknisk forskrift. Trinnfri
adkomst frå parkeringsgarasje til inngangnivå leilegheit. Heis frå p-anlegg.
Energimerking
Energimerking gir relevant informasjon om hvor energieffektiv boligen er. Energiattester vil bli utarbeidet
av selger etter at detaljprosjekteringen er gjennomført, og utleveres ved overtakelse av boligen.
Ansvarlig megler
Morten Lie
Eiendomsmegler | Partner
ml@kapa.no
48 88 84 10
Kaland & Parnerts
Vestkanten Eiendomsmegling AS
Lyderhornsveien 351
Postboks 5 Loddefjord
5881
Salgsoppgavedato
13-06-2022