Helgatunlia byggetrinn 3
5713 Vossestrand
Se vår leilighetsvelger her: https://helgatunlia.no/leilegheitane/
Leilegheitene går frå 65,4 - 122,7 kvm. BRA, og vil innehalda entré, bu, 1-2 bad/wc-rom, vaskerom, stove/kjøkken og 2-3 soverom. Nokre leilegheiter vil òg ha triveleg hems med god boltreplass. Dei fleste leilegheitene har ekstra wc-rom.
Alle bygg er plasserte i terrenget slik at dei har parkeringsplassar med direkte innkøyring i underetasje, og hovudtilkomme til svalgang/trapp i 1.etasje. For bygg med to leilegheitsplan vil tilkomme til svalgang/trapp skje via trapp eller gangveg i terreng rundt bygget. Bygg med tre leilegheitsplan vil i tillegg ha heis- og trappekjerne med tilkomme frå parkeringsarealet i underetasjen.
Då dette er burettslagsleilegheiter betaler ein ikkje dokumentavgift, og omkostningane blir difor låge. Dette er også veldig bra for eit eventuelt vidaresal på eit seinare tidspunkt, då nye kjøparar heller ikkje vil få krav om dokumentavgift.
Standard
I utviklinga av Helgatunlia har kvalitet og behova til familiar vore viktige. Det har i dette byggetrinnet
resultert i 15 leilegheiter som vil møta ulike behov, både kva gjeld dei innvendige løysingane og
fellesområda utanfor.
Utvendig er det lagt til rette for møteplassar som skal møte behovet til ulike aldersgrupper med varierte
leikeplassar for livsglad utfolding. Det er òg planlagt gode møteplassar der fellesskap rundt bålpanna
skal vera mogleg. Familiar skal kunna vera saman og dela opplevingane.
Leilegheitsbygga i Helgatunlia vil vera tilpassa landskapet og innehalda gode kvalitetar når det gjeld
materialval og utforming.
Leilegheitene vil få ein fin og moderne standard, med gode kvalitetar. Det vil bli lagt fliser på golv i
gang/entré, elles er det 3-stavs parkett på golv. Lettveggar i gips, og bereveggar i massivt tre.
Lekre kjøkkeninnreiingar frå Sigdal (type Uno) med integrerte kvitevarer og god skap- og benkeplass.
Bada blir med flislagd gulv og Fibo Trespo-badersomsplater på vegg og får opplegg for vaskemaskin,
vegghengt toalett med softclose og dusjhjørne. Dei fleste leilegheitene blir levert med ekstra wc-rom.
Alle leilegheitene får vassboren varme til gulv i gang og kjøkken. Bad og vaskerom vil få varmekabler.
Avtrekksvarmepumpe frå NIBE. Denne er klargjort for tilknyting til NIBE Uplink webovervåkning og -styring.
I tillegg er det separat balansert ventilasjon med varmegjenvinning i alle leilegheitene.
Alle leilegheiter er utforma med plass til snusirkel/-rektangel i rom for varig opphald, baderom og
entré/-korridor etter krav i TEK17.
I tillegg blir det installert brannvarsling og sprinklaranlegg i alle bygg.
Det blir lagt opp til installasjon av fiber til kvar leilegheit, kostnadsfritt frå Voss Fiber som tar kontakt med
kvar enkelt brukar. Voss Fiber leverer internett og TV-løysing på fiber. Innhaldsleverandør på TV er Get.
Parkering
Fast parkering i open garasje i underetasjen. Ladepunkt kan for el-bil gjerast som tilval.
Energimerking
Seljar plikter å skaffa komplett energiattest innan overtaking. Denne vil utan opphald sendast kjøpar.
Ansvarlig megler
Bjørnar Berg
Eiendomsmegler
BB@KAPA.NO
48 88 84 68
Kaland & Parnerts
Vestland Eiendomsmegling AS
Marken 19
Pb. 433 - Marken
5832
Salgsoppgavedato
26-08-2021